Påske

Det er snart påske! I Aarvik utvidar me difor åpningstidene denne veko slik at de kan komme på besøk til oss når de har påskeferie.

Åpningsdagar

  • Fredag 27.Mars kl. 11-16
  • Laurdag 28.Mars kl. 10-15
  • Palmesøndag 29.Mars kl. 11-14
  • Mandag 30.Mars STENGT
  • Tirsdag 31.Mars kl. 11-15
  • Onsdag 01. april kl. 11-15
  • Skjærtorsdag 02. april kl. 11-15
  • Langfredag 03. april kl. 11-15
  • Påskeaftan 04. april kl. 11-15
  • 1. Påskedag 05. april kl. 11-14
  • 2. Påskedag 06. april STENGT

Besøke dyrene på garden

Det er sjølvsagt mogleg å helse på dyrene på garden når de besøkar bakeriet. No har me ein ny flokk med kje, og på bildet ser de Linnèa saman med tvillingene sine Luna og Leah som vart fødd i fjor. Kjea likar godt å bli kost med, men det er veldig viktig for dyrene at de er rolige når de er inne hos dei. Det er ikkje lov å løpe etter dyr, prøve å fange dei, bære dei eller halde dei fast.


Det er også viktig å ikkje gi dei noko mat sidan dei får akkurat det dei trenger av oss her på garden.


Husk at barn alltid skal vere ifølge med vaksne som følger med og som klarar å gi beskjed til borna sine. Om de ser nokon som ikkje respekterer reglane våre, ver venneleg å gje beskjed til oss i kafèen, for me er veldig glad i alle dyrene våre og er oppteken av at dei skal ha det så bra som mogleg.