Surdeigskurs
På SURDEIGSkurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med surdeig og dekoreringsteknikkar, kva som skjer i deigen når den fermenterer og kvifor det er godt for kroppen og tarmens unike og mange bakteriar. Du vil lære korleis du skal halde startaren din frisk og i god form og me går innom dei ulike urkorn sortane og litt om kva økologisk innebærer.
Surdeigkurset inkluderer:
5timar praktisk opplæring, ferdigsteikt bakst: rundstykker, 1 surdeigsbrød og julebrød. Til heimesteiking: 2 brøddeigar og ein søtdeig, snitteblad (ikkje skaft), surdeigsstartar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lunsj med pålegg frå lokale gardar, økologiske gardar og nybakte surdeigsrundstykker. Det blir også ein liten omvisning i klyngetunet for dei som ynskjer.
Ta med 1 syltetøyglas, 2 brødformar 1 hevekorg, 1 liten bakebolle, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.
Pris kr: 2200 kr
Privat kurs eller ditt eige arrangement hos oss?
Me ynskjer å hjelpe deg om de ynskjer eit eige arrangement, foredrag eller kurs hos oss. Gi oss ein lyd om dine ynskjer og behov så skal me hjelpe deg så godt me kan.