List of Services
-
Yddal Naturreservat
Yddal Naturreservat er eitt av dei største og finaste furuskogområda i Vestland Fylke og heng saman med Geitknottane Naturreservat som strekk seg inn i Kvam og Kvinnherad. Her er bilde frå fjelltoppen Horga i reservatet, teken av Erling Berge.
Dei rike skogressursane var eit viktig grunnlag for den tidlege busetjinga i Yddal som vart busett i Middelalderen og fråflytta på 1950 talet. I området kan ein finne gamle furutre som er over 300år gamle og eit rikt dyreliv, deriblant storsalamander, orrfugl, ørn, hjort og dei sjeldne orkideene brudespore, kviturle samt barlind og kongsbregne. Området er fantastisk flott og ein får verkelig oppleve villmarka her, noko ein gjer andre plassar i lavlandet langs Norskekysten.
Lygresåsen er ein fin plass å oppleva den gamle skogen, men det er og flott å gå frå Øyseter og vidare oppover på enden av Halavatnet i skaret over Midtfjellet, her er det også mogleg å sjå kongeørn svevande over dei store skogområda. Frå Midtfjellet kan ein sjå furuskogen ligge som eit teppe over heile horisonten. Det er lett å gå seg vill i skogen her, slik at det kan vere lurt å ha med seg kart og kompass. NB: I naturreservatet er det spesielle reglar som gjeld, gjer deg kjent med desse før du ferdes i området om blant anna bålforbud, båndtvang, ikkje knekk greinar av døde/levande planter m.m. Men det er lov å plukke sopp/bær til eige bruk.
-
VåganipenList Item 3
Våganipen er ein fantastisk flott fottur som er litt meir krevende, men vel verd turen!
Det er mogleg å gå frå Svartavatnet på Baldersheim eller frå Gravplassen på Baldersheim. Alternativt kan ein gå opp til Heleknappen først og vidare til Våganipen og ta det som ein heildagstur. Og kanskje de vil ta eit lite fjellbad i Fagravatnet som ligg mellom dei to fjella. Begge alternativa er greitt merka heile vegen opp.
På toppen får ein utsikt over heile Bjørnefjorden, deler av Hardangerfjorden og ein kan sjå bort i isbreen Folgefonna. Dersom ein skal gå opp og ned frå Svartavatnet tar turen totalt 5-7t avhengig av kor mange pausar og i kor god form du er i.
Denne turen krever gode sko og ein bør ha med seg gode kle og nistepakke. Vær forberedt og ha med naudsynt turutstyr, så blir det ein uforglemmelig fottur å ta med seg heim i bagasjen!
-
HeleknappenList Item 4
Heleknappen er ein flott tur som ein kan velge å ta som ein heildagstur i kombinasjon med Våganipen, eller ein kan ta det som ein kortare tur.
Start ved opplagsplassen ved Svartavatnet og gå skogsvegen ned mot vesntre til du kjeme nett forbi Laugarvatnet. Der vil du se skilt mot Heleknappen og deretter er det berre å følge merkingen heilt til du kjem til toppen av fjellet. Her kan du velge å gå vidare til Våganipen via vidda og Fagravatnet eller du kan gå ned til Revnaseter. Ein nydeleg tur som ein kan gå ilag med borna.
Sørg for godt fottøy, nistepakke og kle deg etter været. Stien oppover kan vere i brattaste laget for nokon, men det skal ikkje ta meir enn 2-3 timar totalt om ein går samme vegen ned att til Svartavatnet.
-
Holdhus stavkyrkje
Holdhus gamle stavkyrkje ligg oppe på Holdhus, kun 20min frå Aarvik gard.
Kyrkja vert omtala i Bergens Kalvskinn kring 1350, men ho er nemnd første gong i eit kyrkjeinventar frå 1306, som reknar opp «goz ok skrud kirkiunnar j Halande j Rossadale».
Gamlekyrkja på Holdhus er ei av dei eldste tømmerkyrkjene som er att på Vestlandet og er rikt dekorert på veggene i skipet. Dei gamle glasrutene har innbrent namn av bøndene og prestane som høyrde til kyrkja i området på 1700 talet.
Inne i kyrkja står Holdhusmadonnaen frå 1450 talet, som er den eineste malte steinskulpturen av Madonna med barnet frå middelalderen her i Norge. Den vevre kvinneskikkelsen bærer Jesusbarnet i venstre arm og ein oppslått bok i høgre. Skulpturen vart restaurert i 2012 og det er ein del mysteriar knytta til skulpturen som ein enno ikkje har klart å finne ut av.
Holdhus Kyrkje er open for publikum laurdag og søndag i Juli, og ellers etter avtale.
-
Dalahagen
Dalahagen helde til nord i Fusa. Elisa som driv Dalahagen dyrkar dei nydeligste blomar i eit stort mangfald og i pakt med naturen! Hos henne får du tak i vakre, doggfriske blomsterbukettar til både kvardag og fest. Blomesesongen varar frå april til oktober, og alt er dyrka økologisk i den vesle åkeren. Ho held også dyrkingskurs om våren, blomebindingskurs om sommaren og kransekurs om haust/vinter. I drivhuset har ho utsalg der du finn småplanter, sommarblomar, stauder, krukker, og mykje anna. Opningstidene er litt variable, men der er stort sett ope fredagar og laurdagar. Det tar ca.35 min å køyre frå Aarvik gard til Dalahagen.
-
Lygre Livsgard
Lygre Livsgard helde til inne i Lygre og her kan ein få helse på geitene og sjå garden om ein ynskjer og husfolket der har tid. Veronica og Dag Kyrre Lygre produserer økologisk brun geitost, økologisk kefir av geitmjølk og økologisk kvark (ferskost). Mjølka er frå geiter som får komme ut heile året, og går med kjea sine på dagtid. Dei mjølker dei kun om morgonen.
Geitene får ikkje kraftfôr, kun norsk korn som lokkemat. Om vinteren får geitene eigeprodusert og innkjøpt økologisk høy.
I tillegg har dei økologiske egg og grønnsaker som ein kan få kjøpe når ein tar seg ein tur bort til dei i Lygre, berre 20min å køyre frå Aarvik gard.
-
Tveitakjerring
Garden ligg på Tveit, på austsida av Tysnes ved foten av Hovlandsnuten. Her ystar Lucianne ost av mjølka frå dei fine geitene sine gjennom heile sommarhalvåret. Ho lagar både fetaost, steikjeost, fastost og mjukost og alt smakar like nydeleg! Turen frå oss tar ca. ein god halvtime og er absolutt ein fin tur å ta, ofr her er ikkje berre fantastisk god ost, men også ein heilt fantastisk utsikt utover Hardangerfjorden med Melderskinn på andre sida av fjorden.
På garden har dei både sau og geit som hjelper å halda landskapet ope. Geitene produserer mjølk til ysteriet. Om sommaren går det også nokre heldige mysegrisar rundt på beite.
Hønsene leverer egg til eige bruk, men me sel det som er til overs.
Gardsbutikken er open frå midten av mai til det er tomt om hausten. Her kan ein betala med kontanter eller Vipps. Det er ein liten gjesteplass på brygga, til dei som ynskjer å komme med båt.
-
Engevik gaardList Item 1
Den vakre embetsgarden på Engjavik ligg lunt til ved fjorden, halvvegs inn til Sævareid i Fusa. Denne offisersgarden frå først på 1700-talet gjev eit nærbilete av embetsmannens stand og stilling i lokalsamfunnet mot slutten av einevaldstida i kongeriket Danmark-Noreg.
Hovudbygningen har sin bakgrunn i byens sosiale miljø, opphavleg med ein symmetrisk barokkhage omgjeven av kvitmåla stakittgjerde. Dei andre bygningane høyrer til bygdenes byggeskikk; stabbur, eldhus, borgstove, smie, skykkje, sjøhus og naust – eit vakkert og autentisk historisk miljø!
Engevik gaard har ein vakker hage og her er også mogleg å komme til med båt. Dei har åpent for grupper både til middagsservering og omvisningar på den herskapelige gården. Ta kontakt med dei på førehand for å booke omsvining.
-
MandelhusetList Item 2
Mandelhuset på Tysnes lagar den nydlegste mat! Her reiser me når me ynskjer oss ein god middag ute i den friske sjøluften! Råvarene får dei frå lokale fiskare og omkringliggande gardar. Dei har ein tydeleg miljøprofil og ligg ved sjøkanten i Våge sentrum, slik at her er det også mogleg å legge til med båt.
Restauranten har nytta seg av lokal møbelsnikker og lokale kunstnare i samband med utsmykking og møblering av lokalene og dei er svært oppteken av å nytta seg av lokale leverandører i alle ledd.
-
Myrdal gard
Myrdal gard har både gardsbutikk og pizzarestaurant i sesongen. Og dei lagar knakande god pizza! Her kan de også få helse på geitene som gir melk til mykje av osten dei ystar på gardsbruket. Dei har òg nydeleg gode ostar laga på innkjøpt kumelk og blandingsosten IBEX. IBEX bleI forresten årets lokalmatprodukt på Bergens matfestival i 2022 og fekk Gull medalje i osteVM i same år! Myrdal gard er ein kjempeflott plass med eit godt utgongspunkt for å ta seg ein tur opp til Tysnessåta. Det er også mogleg å få omvisning i ysteriet og helse på geitene om ein vil.
-
Haaheim Gaard
Haaheim Gaard er ein vakker gård driven av husfar Torstein Hatlevik saman med flinke kokkar og gartnar som helde den vakre hagen som omgir garden. Her får du oppleve smaker av svunne tider i restauranten og drøm deg vekk i romantisk landstil i interiørbutikken. Opplev konserter, festivaler, teater, opera, allsangkvelder og foredrag.
-
Baroniet i Rosendal
Baroniet Rosendal er Norges eneste baroni, vakkert beliggende mellom fjord, fjell, isbreer og fossefall ved inngangen til Hardangerfjorden. Slottet, ferdigstilt i 1665, byr på en unik reise gjennom ulike stilepoker, bevart slik de siste eierne forlot det i 1927.
Besøkende kan delta på omvisninger i slottets herskapsetasje, utforske kunstutstillinger, og nyte konserter, teaterforestillinger og foredrag. Den storslåtte rosehagen, kjøkken- og urtehagen samt landskapsparken inviterer til rolige spaserturer i historiske omgivelser. I Rosendal Havecafé serveres lunsjretter laget med ingredienser fra egen hage, samt kaffe og kaker.
Det tar ca.2t å reise frå Aarvik Gard til Rosendal