Kjøkenhagen
Sommaren 2020 starta me opp grønsaksproduksjon, mesteparten av dette nyttar me i kafèen vår. I tillegg får våre buande gjestar hauste litt grønnsaker til eige bruk medan dei er gjestar hos oss.
Me brukar ikkje sprøytemidlar eller kunstgjødsel, og me er opptatt av å ikkje berre dyrka grønsakene, men også jorda. Difor er det ein sjølvfølge at me skal ha vekstskifte og byta på kva som skal dyrkast kvar kvart år. Kjøkenhagen er økologisk sertifisert av Debio og resten av garden er i siste karensår for økologisk sertifisering.
I kjøkenhagen har me alt frå, gulrøter, kålrot, poteter, jordbær, kål, paprika, tomatar, agurk, løk og chili, kvitløk, salat, reddikar, sellerirot, urter og mykje meir.