Kurs hos Aarvik gard

Hos Aarvik gard helde me ulike kurs i løpet av året. Har du lyst å lære korleis du kan bake med surdeig? Eller kanskje du trenger å roe ned sjelen og komme i balanse med deg sjølv? Då passar det å komme til fredelege Aarvik gard på Yoga-helg.

Kurs hos Aarvik gard


Hos Aarvik gard helde me ulike kurs i løpet av året. Har du lyst å lære korleis du kan bake med surdeig? Eller kanskje du trenger å roe ned sjelen og komme i balanse med deg sjølv? Då passar det å komme til fredelege Aarvik gard på Yoga-helg.

Surdeigskurs

På kurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med surdeig og dekoreringsteknikkar, kva som skjer i deigen når den fermenterer og kvifor det er godt for kroppen og tarmen. Du vil lære korleis du skal halde startaren din frisk og i god form og me går innom dei ulike urkorna.


Kurset inkluderer:

Praktisk opplæring, ferdigsteikte bakverk, 2 deigar, snitteblad, startar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lokalmat lunsj med nybakt surdeigsbrød.


Ta med 2 syltetøyglas, 2 brødformar eller hevekorg, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.


Pris kr: 1290 kr       

Bestill kurs her

Søtbakst med surdeig

På kurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med søt surdeig og dekorering, om fermentering. Me bakar julebrød, boller og søte horn. Du vil lære korleis du skal halde startaren din frisk og i god form og me går innom dei ulike urkorna.


Kurset inkluderer:

Praktisk opplæring, ferdigsteikt bakverk, 2 deigar, snitteblad, startar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lokalmat lunsj med nybakt surdeigsbrød og boller.


Ta med 2 syltetøyglas, 2 brødformar eller hevekorg, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.


Pris kr: 1390 kr

Bestill kurs her

Kurs søtbakst

På kurset får du praktisk opplæring i korleis du bakar med søt bakst slik eg gjer det i bakeriet med lite gjær og lang hevetid.


Me bakar tangzhong-boller med ulike typar fyll og scones.


Kurset inkluderer:

Praktisk opplæring, ferdigsteikt bakverk, 2 deigar, snitteblad, startar, oppskrifter med fremgangsmetode og ein god lokalmat lunsj med nybakte rundstykker og boller.


Ta med 2 små bakeboller, gode sko, forklede, kjøkenhandklede og gjerne kjølebag til å ha deigane dine i til heimvegen.


Pris kr: 1390 kr

Bestill kurs her

Privat kurs eller ditt eige arrangement hos oss?

Me ynskjer å hjelpe deg om de ynskjer eit eige arrangement, foredrag eller kurs hos oss. Gi oss ein lyd om dine ynskjer og behov så skal me hjelpe deg så godt me kan.

Bestill her
Share by: